2018 – Sjå infrastrukturen i Norden som heilskap

Infrastruktur er heilt avgjerande for kvar vi buset oss og kvar det vert drive næringsverksemd. God infrastruktur er svært viktig for at vi skal vere så nytenkjande og økonomisk sterke framover. Dette vil styrkje heile regionen.

Diverre har vi sett infrastrukturen på eit avgrensa nivå, anten i kommunen, fylket eller staten. Mange av dei nordiske landa har store avstandar og krevjande natur, i tillegg til spreidd busetnad. Her kan vi lære mykje frå kvarandre, og i større grad byggje vegar og jernbane over landegrensene. Lufthamner og hamner bør vi òg sjå som eitt.

Betre og meir heilskapleg infrastruktur vil binde dei nordiske landa saman. Samfunnsøkonomisk vil vi få stor verknad av dette av di vi kan effektivisere eksisterande strukturar og gjere nye prosjekt moglege.

UNR krev at:

  • Dei nasjonale styresmaktene samarbeider meir om infrastruktur i Norden.
  • Nordisk Råd vert oppmoda om å opprette ei nemnd eller ei arbeidsgruppe for å samordne infrastrukturen i Norden