2022 – Godkjenn digitale førarkort

Visse har førarkort på mobiltelefonen i tillegg til vanlege, fysiske førarkort. I Noreg vert dette godkjend som førarkort, men ikkje alltid som legitimasjon. Det er ingen tvil om at stadig meir vil vere på mobiltelefonen, og at dette vil spele ei stadig større rolle i kvardagslivet til dei fleste. Her er det viktig å tenke nordisk samarbeid både i notid og i framtida.

Di tidlegare nordisk samarbeid kjem inn i prosessen, di lettare er det at produktet vert tilgjengeleg i alle landa. Særleg dei felta som staten har monopol på, til dømes å ferde ut førarkort, vil kunne vere lettare å regulere.

Det er viktig at personar som køyrer med lovleg førarkort på mobilen, som vert godkjend i heimlandet, i tillegg kan køyre i grannelanda i Norden, utan at han skal måtte ha eit fysisk kort i tillegg. Då vert riksgrensa eit opplevd hinder, og det bør vi ikkje oppleve i Norden, som skal vere den mest integrerte regionen i verda.

Ungdomens Nordiske Råd ynskjer at:

  • Det vert arbeidd for ein app med førarkort på mobil.
  • Subsidiært at førarkort på mobil som er ferda ut i eitt av dei nordiske landa vert godkjend i dei andre nordiske landa.