2021 – Nordisk samarbeid i høgare utdanning

Høgare utdanning er eit område der vi burde sett langt meir nordisk samarbeid enn i dag. Ikkje minst gjeld dette lærebøker, der engelsk tek over stadig meir. Eit samordna opptak for heile Norden hadde gjort det langt lettare og meir naturleg for ungdom å studere i andre nordiske land. Når vi bur og studerer i eit anna land får vi kjennskap til både kultur og språk på ein heilt annan måte enn på ferie. Lokalkunnskap og personlege relasjonar skapar langvarig samarbeid med djup forankring.

Språk

Språk er noko av det som kan skape den sterkaste kjensla av å høyre saman. Samstundes kan dårleg kommunikasjon skape både mistyding og utfordringar. Språk er ein vesentleg del av kulturen og identiteten vår, og difor er kanskje likskapen mellom språka våre noko av det som gjer det mest naturleg med nordisk samarbeid.

Fagspråk

I dag er det nærast uråd å kome seg gjennom ei høgare utdanning i eit nordisk land utan å ha svært gode kunnskapar i engelsk. Engelsk kjem nok ikkje til å fjerne dei nordiske språka våre, men innanfor høgare utdanning er det tydeleg at engelsk tek stadig meir plass, og at våre eigne språk taper relevans og status som fagspråk. Her treng vi meir nordisk samarbeid. Vi må verte langt flinkare til å nytte lærebøker på andre skandinaviske språk. Dette vil gagne alle, og det vil gjere ungdomen betre til å skjøne grannespråka våre.

Lærebøker

Det kan vere ulike grunnar til at somme studentar har utfordringar med engelsk. Det kan vere innvandrarar som ikkje kan engelsk, elevar med dysleksi eller heilt andre individuelle omstende. Om vi ynskjer at høgare utdanning skal vere inkluderande og tilgjengeleg for alle, bør vi gjere noko med utviklinga som gjeld språk i utdanningskvardagen åt studentane. Særleg dei obligatoriske faga bør ha lærebøker tilgjengeleg på eit skandinavisk språk.

Digitalisering

Koronasituasjonen har ført til store utfordringar og råka ungdom hardt, men på same tid har det ført til ei framifrå digitalisering. No må vi berre vone at dette fører til at alle i Norden kan melde seg opp til digitale fjernstudiar og kurs i dei andre nordiske landa. Kvifor skal vi ikkje stille likt og ha same vilkår, når fysisk avstand ikkje har noko å seie? Her ligg det eit enormt potensiale. Ikkje nok med det, men kanskje vert det lettare for både ungdom og vaksne som bur langt frå ein utdanningsinstitusjon å kunne fylle på kompetansen og få ny kunnskap via digitale løysingar. Då spelar det inga rolle kvar kurset vert organisert geografisk.

Studiar i eit anna nordisk land eller på eit anna nordisk språk gjer at nordisk samarbeid verkar heilt naturleg resten av livet. No må vi nytte høvet til å auke mobiliteten i deltakinga på digitale kurs og fjernundervising i Norden. Snart må vi samarbeide om lærebøker og pensum, soleis at studentane kan få meir skandinavisk fagspråk. Dette er noko som kan påverke studiekvardagen og yrkeslivet til den einskilde, så her er det viktig med tett samarbeid og aktiv handling i alle dei nordiske landa. Vi har ikkje råd til å ikkje nytte oss av det enorme potensiale som er her, og som kan skape auka kompetanse, tettare samarbeid, betre fagspråk, nye teknologiske framsteg, ein inkluderande utdanningssektor og auka trivsel.

Forengingerne Nordens Ungdomsforbund / Föreningarna Nordens Ungdomsförbund krev:

  • Fleire lærebøker på nordiske språk i høgare utdanning
  • Eit større fokus på nordisk fagspråk.
  • Det skal vere nok finansiering og fokus frå Nordisk råd og dei einskilde landa.
  • Ein sams søknadsportal, på like vilkår, til høgare utdanning i heile Norden
  • Samarbeid og sams søknadsportal for digitale kurs og etterutdanning i heile Norden