2022 – Sams reise-app i Norden

Den digitale utviklinga tek stadig større plass i samfunnet. Dette fører til at mange tidlegare hinder no kan skape potensiale i staden. For berre få år sidan var det kontant betaling for billettar på reise. Seinare vart det mogleg å gjere opp med kort, men no er det app som gjeld. Dette er med på å gjere livet lettare.

Diverre ser vi at den digitale utviklinga kan gjere det meir tungdrive på visse måtar. Det å kjøpe ein billett i app er lett, men det å laste ned app-en kan vere krevjande. Folk som reiser ofte i same område får ikkje desse utfordringane, men folk som reiser i ulike områder må laste ned ny app for kvart område dei reiser i.

Ved å ha ein sams reise-app i heile Norden, vil vi gjere det lettare å flytte seg i heile Norden. Om vi ynskjer at Norden skal verte den best integrerte regionen i verda, er det viktig at folk kan flytte seg internt i Norden.

Ungdomens Nordiske Råd ynskjer at:

  • Det vert arbeidd for ein sams reise-app i Norden.
  • Subsidiært at det vert arbeidd med regelverk som gjer det lettare for alle i Norden å betale med lokal reise-app under reise i Norden.