2019 – Enklare bankoverføringar i norden

Overføring av pengar frå ein bank til ein annan har vorte mykje lettare dei seinare åra. Dette er ei positiv utvikling der digitaliseringa gjer kvardagen lettare. Utfordringa er at systema fungerer godt i kvart land, men mindre godt over landegrensene. 

Overføring i nettbank frå ein bank til ein annan innanfor same land plar stort sett å vere gebyrfri. Overføring til andre land fører ofte til at ein lyt betale gebyr for overføringa. Summane varierer, men dette er ein ekstra treskel. I tillegg lyt ein leggje inn meir informasjon i overføringa. Problemet kjem særleg om ein skal bu i eit anna nordisk land ein avgrensa periode, om ein vil føre over ei lita gåve eller skal dele ei rekning. 

UNR ynskjer at: 

  • overføring av pengar mellom nordiske land liknar på overføringar innanfor landegrensene 
  • det ikkje skal betalast gebyr for overføring av pengar mellom nordiske land udenfor eget land