2021 – Nordisk litteratur på folkebiblioteka

Folkebiblioteka spelar ei viktig rolle for å formidle litteratur til ålmenta. Gjennom folkebiblioteka har folk høve til å skaffe seg litteratur, anten som bøker eller lydbøker, der dei bur. I tillegg har biblioteka på mange stadar ei viktig oppgåve for å formidle kultur og vere ein samlingsstad for ei breidde av folket. Den nordiske litteraturen, på opphaveleg språk, bør vere ein naturleg del av biblioteka sitt ansvar.

Kultur er ein avgjerande faktor i nordisk samarbeid, og kjennskap til kultur og litteratur i dei andre nordiske landa er difor heilt sentralt. Gjennom å lese litteratur frå eit anna nordisk land på det opphavlege språket, lærer lesaren både språk, kultur og litteratur på same tid. I Norden skjønar vi grannespråka våre dårlegare enn tidlegare, og dette er ei utvikling vi må motarbeide.

Gjennom det viktige arbeidet folkebiblioteka gjer, må det vere ein naturleg del av alle folkebibliotek i Norden at det er nordisk litteratur tilgjengeleg på originalspråket. Dette må gjelde både vanlege bøker, lydbøker og digitale løysingar.

Ungdomens nordiske råd krev at alle folkebiblioteka i Norden bör tilby litteratur på fleire nordiske språk.