2019 – Meir Norden i skulen

Språk er ikkje berre grunnleggjande for kommunikasjon, men det er avgjerande for å få kjennskap til kultur, litteratur og historie. Kjennskapen til grannepråka i Norden vert dårlegare og språklege barrierar vert større mellom landa. Konsekvensen vert ofte at folk lyt ty til andre framandspråk for å kunne snakke saman, der særleg engelsk gjer seg gjeldande mellom folk med eit skandinavisk morsmål. 

Den språklege fellesskapen speler ei viktig rolle i det nordiske samarbeidet, særleg innanfor det skandinaviske språkområdet. Målet må vere å auke kjennskapen til dei andre nordiske språka og på denne måten kunne lære meir om kulturen, få tilgjenge til litteraturen og framfor alt kunne auke sin eigen mobilitet. Gjennom undervising i skulen kan ein motivere og inspirere elevar til å take del i nordisk språk og kultur. Dette kan skje ved i større grad å inkludere nordisk film, musikk og kultur i skuleundervisinga og i studierettleiinga opplyse om høvet til å arbeide og studere i Norden. 

UNR ynskjer at:

  • kjennskap til grannespråka og -kultur i Norden vert prioritert
  • dei enkelte landa lever opp til dei nasjonale læringsplanene
  • skulen tek meir ansvar for grannespråka og -kultur i Norden, inklusive de erkända minoriteternas språk och kultur,
  • det oppmodast til at skoleklasser i Norden får ein venskapsklasse i eit annat nordisk land