Ungdomens nordiske råd ynskjer at det skal vere lettare med utveksling i Norden. Systemet må vere oversikteleg, og det bør gjevast økonomisk oppmuntring, til dømes stipend til studenten. Nordplus-programmet fungerer ikkje ved alle dei nordiske universiteta. Digitale studie må vere mogleg mellom dei nordiske landa.
Utveksling i Norden gagnar studenten i høg grad, både på stutt og lang sikt. Det fører med seg kunnskap om både språk og kultur, det gjev nye opplevingar og skapar nye venskap. Vidare er det med å fjerne grenser som elles kunne ha hindra studenten i framtida. Dette skapar ein betre arbeidsmarknad i Norden. Dei nordiske landa handlar mykje med kvarandre og vi treng difor meir kunnskap om kvarandre.
Praktiske ting som må på plass er lette system, betre samarbeidsavtalar mellom universiteta, auka språkutveksling og enkel overføring av karakterar. Dette vil gjere Norden til ein attraktiv utvekslingsstad. Informasjonen om utveksling i Norden må nå ut til studentane for å gjerne dei medvitne om tilbodet.
Ungdomens nordiske råd ynskjer at:
- Det vert betre samarbeidsavtalar mellom utdanningsinstitusjonane i Norden.
- Det vert lettare å vere med på digitale studie i andre nordiske land.
- Det vert skapt eit oversikteleg system med stipend, språkutveksling og overføring av karakterar.