Språk er ikkje berre grunnleggjande for kommunikasjon, men det er avgjerande for å få kjennskap til kultur, litteratur og historie. Kjennskapen til grannepråka i Norden vert dårlegare og språklege barrierar vert større mellom landa. Konsekvensen vert ofte at folk lyt ty til andre framandspråk for å kunne snakke saman, der særleg engelsk gjer seg gjeldande mellom folk med eit skandinavisk morsmål.
Den språklege fellesskapen speler ei viktig rolle i det nordiske samarbeidet, særleg innanfor det skandinaviske språkområdet. Målet må vere å auke kjennskapen til dei andre nordiske språka og på denne måten kunne lære meir om kulturen, få tilgjenge til litteraturen og framfor alt kunne auke sin eigen mobilitet. Gjennom undervising i skulen kan ein motivere og inspirere elevar til å take del i nordisk språk og kultur. Dette kan skje ved i større grad å inkludere nordisk film, musikk og kultur i skuleundervisinga og i studierettleiinga opplyse om høvet til å arbeide og studere i Norden.
UNR ynskjer at:
- kjennskap til grannespråka og -kultur i Norden vert prioritert
- dei enkelte landa lever opp til dei nasjonale læringsplanene
- skulen tek meir ansvar for grannespråka og -kultur i Norden, inklusive de erkända minoriteternas språk och kultur,
- det oppmodast til at skoleklasser i Norden får ein venskapsklasse i eit annat nordisk land